mandag 28. februar 2011

Skriveleir 4, Klart for å slepp skrivekløa laus!

No er ventetida atter ein gong snart over. Frå 8-14. august brakar det laus att! Då skal ca 15 synshemma ungdommar i alderen 16-25 år samles for å pleie sin felles interesse, nemleg skriving! Begivenheiten finn stad på Huseby kompetansesenter i Oslo.
Det er vår felles interesse som foreiner oss. Horisonten blir utvida og vi tileigner oss nye erfaringar og ser sider av oss sjølve som vi ikkje visste at vi har. Vi prøver ut nye skrivemetoder og vinklar vi aldri har forsøkt. Det kan vere alt frå ein vanleg dag til ei flue si oppleving av omgjevnadene. Eit stikkord er nok til å setja fantasien i sving, og vi er i gang straks klarsignalet er gjeve. Men i bakhovudet kjenner vi også at tida går. Når tida er ute høyrer vi alltid setningar som ”Vent litt til!” eller ”Berre eit par minutt til”. Tankane flyg gjennom rommet bak dei kokvarme PC-eane. Dei er nesten til å ta og føle på.

Ei knapp veke dreier det seg om å finne ein del av seg sjølv i skrivinga. Ein treng absolutt ikkje ha skriveerfaring i massevis. Det held om ein er interessert i å skrive. Ein annan ting vi har til felles, er som nemnt, at vi er synshemma. Men det ser vi på som uviktig og ikkje eit kriterium som er mest avgjerande for skriveinteressen vår.

I år er vi så heldige at vi får undervisning av Linda Gabrielsen og Hanne Ramsdal. Gabrielsen er utdanna ved Forfatterstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Bergen, Figurteater ved HiO og har cand.mag. HO har skrive roman, teaterstykke og manus til spelefilm. Ho har også erfaring med undervising i kreativ skriving. Ramsdal er utdanna litteraturvitar ved UiO. Ho har skrive filmmanus og regissert ein kortfilm. Ho har også erfaring med undervisning i skriving.
Det er første gongen desse to underviser på skriveleiren. Dette ser vi fram til med spenning. Kva for metodar og vinklar vil vi støyte på denne gongen, tru?

For mange kan det høyres ut som vi sit inne og sveittar framfor PC-en i ei veke. Dette stemmer absolutt ikkje. Ein stor del av leiren består også av sosialt samvær og utflukter. Dette er ting dei fleste ser på som leirlivaktivitetar, og dette er også viktig for oss på skriveleir. I og med at vi er så heldige å vere ei lita gruppe, rekk vi å bli kjent med heile gruppa. Vi blir ein fin og samansveisa gjeng som blir knytt saman gjennom interessa for litteratur og skriving.

Skriveleir vart for første gong arrangert sommaren 2005. Ein ting som må trekkes fram i samband med arrangering av skriveleir frå start, er ein spesiell nøkkelperson som har mykje å seie for heile arrangementet; Nemleg Eli Frisvold. Eli står for mykje av arrangeringa både før og under leiren. Ho står litt i bakgrunnen under leiren, men alle er fullt klar over at skriveleir ikkje vil bli det same utan Eli. Det er ho som held alle trådane saman. Eli er praktisk anlagt og tek det som dukker opp under leiren som det kjem. Saman med eit antall handplukka ledsagarar står ho for mykje av det praktiske under heile arrangementet. Korleis ein skriveleir vil bli utan Eli, vil vi helst ikkje tenke på! Tusen takk, Eli!

Nå er det omkring eit halvt år att av den lange toårsperioden vi har venta. To år er lenge å vente, men det er absolutt verd det. Deltakarlista er i ferd med å bli fylt opp av både veteranar og nye deltakarar. PC-eane blir sjekka og dobbeltsjekka for å trygge at dei er klare til ei veke med hardkjør. Vi har opplevd at mang ein PC ikkje har klart strabasene og kollapsa.

Nå er vi klare for ei ny magisk veke med spenning, opplevingar, erfaringar, sosialt samvær, utflukter og sist men ikkje minst; få skrivekløen i gang.

Nå gjeld det kun å legge inn siste innspurt før sommarferien og lade opp til skriveleir. No gler vi oss alle til det brakar laus!

Mirnesa Balagic.

(Denne artikkelen blir også trykket i medlemsbladet til IBBY Norge)

tirsdag 22. februar 2011

Nils Jakob kommer også!

Han kommer til å jobbe tett sammen med Hanne og Linda

Her spiller vi noen smakeprøver fra bandet hans; DU.

Softness


So hot


Trouble (Live på Rockefeller)

Litt mer om Nils Jakob her!