mandag 15. august 2011

Kvar vart det av skriveleiren?

Hei alle!

No er skriveleir fire slutt! Aller helst vil eg reise tilbake, og det er eg visst ikkje åleine om. Det går rett og slett ikkje an å forstå at skriveleir er over, og at det har gått så fort.

Veka som har gått har gått like fort som når ein trekk pusten inn og slepp han ut att. Det dreier seg altså om ein kort augenblink som vi helst vil halde på mykje lenger, men han renn ut; altfor fort.

Eigentleg bør eg ikkje skrive og publisere noko som helst, fordi eg veit at det blir spesielt mykje svada når eg forsøker å skrive noko rett etter ei fantastisk oppleving. Eg kjenner meg veldig tom, og full av inntrykk på same tida. Eg skulle gjerne beskrive alt dette med ord, men det er ikkje så enkelt dessverre. Enkelte ting lët seg ikkje beskrive med ord. Vi har likevel prøvd og, etter mi meining, fått det ikkje så aller verst til. Eg oppfordrer ALLE til å følgje med vidare. Vidare vil eg også oppfordre deltakarar (inkludert meg sjølv), til å legge ut tekster. Sjølv om den fantastiske veka vi har hatt har gått så fort, kan vi fortsatt halde bloggen vår i live!

Her er ei spontanskildring av korleis vi har hatt det og korleis det kjennes. Dette er inspert av automatskrifta vi heldt på med kvar dag. Trur nok han har løsna på skrive- og sensursperra mi.

Fantastiske opplevingar. God skriveinspirasjon. Herlege og snille menneske. Godt og lite sosialt miljø. Kreative og snille deltakarar. Heilt utrulege ledsagarar som alltid stiller opp når vi treng dei. To uunnværlege og aktive sjefar. Altfor kort skriveleir. Ein fantastisk fest med himmelsk middag og underholdning av god kvalitet siste kvelden. Koseleg musikk og sosialt samvær etter festen. Allsang!

Reaksjonar
Sakn, smerte, lengt etter Huseby. Gjennomgang av fine dagar inni hovudet. Lykke over å ha møtt så mange fine menneske. Lykke over å ha teke med meg så mykje skriveinspirasjon heim. Eit ønske om å fortsette å skrive og dele det eg skriv med dei andre!

No kjenner eg meg mykje betre. Det er det eg alltid har sagt: Å skrive er ein fantastisk medisin for mykje, spesielt glede og sakn!

No trur eg at eg avsluttar. Håper å høyre frå dykk om ikkje så altfor lenge.
Klem! ;)

søndag 14. august 2011

Skriveleirsangen med sivilisert borddans.

På avskjedsfesten måtte selvfølgelig Eli opp på bordet igjen, denne gangen med sin kjære kollega Ingvild  ved sin side mens årets skriveleirsang avsynges i plenum! Denne fantastiske filmen er tatt av Elisabeth F med håndholdt kamera og er lastet opp av Eli sjef!



(Og etter hvert kommer også teksten!)

Gårsdagens fremtidige bloggansvarlige

Huff, nå skrev jeg nettopp et passe langt innlegg som ikke ville la seg publisere! So much for backup...

Prøver igjen: I dag har vi alle med vedmod sagt adjø til ulike tider. Derfor sitter jeg, ledsager Pia, alene med stillheten og blogger ukas siste innlegg. Riktignok vil det sannsynligvis dukke opp flere bilder, skildringer og adjektivfortellinger(?) i nær fremtid, så fortsett å følge med!

For å oppsummere avskjedsfesten, vil jeg ty til fri assosiasjonsflyt: sang og dansing på bordet, Halvtan Sivertsen og Postgirobygget, piano, eventyr, dikt, taler, tre retters middag med smeltet sjokolade i midten, skjorter og kjoler, bare føtter, pepperkake, latter og skjulte tårer, hoppeball, lakris, kjærlighet på pinne, kjærlighet på ekte...

Ellers har leiren overgått alle forventninger og savnet begynner å snike seg innpå meg allerede. Jeg gleder meg til lydopptakene er klare og til vi sees igjen. Ha det fantastisk så lenge:) Dere er best!

lørdag 13. august 2011

En ledsagers betraktelser

Hei!

"En ledsagers betraktelser" må seiast å vere ein noko upassande tittel, sidan dagens blogginnlegg er ført i pennen av ein som nyttar ei målform der ein slett ikkje kan tillate å gjere verb om til substantiv ved å setje suffikset "be" framføre verbet. "Ledsager" framstår heller ikkje som korrekt, og "En" burde jo så absolutt vere "Ein". Eg ville dessutan aldri ha funne på å avslutta eit ord med endingar som "elser".
Meg om det.

I dag har vi vore på NLB og stappa i oss nokre skikkeleg digre ciabattaar medan deltakarane i tur og (meir eller mindre) orden tok turen til lydstudioet for å låne stemmeprakta si til lydbokprodusentane der. Tekstene var godt innøvde på førehand og ein kunne sjå på kvar einskild av dei skinande skribentane at dei hadde utført oppdraget med den største entusiasme. Dette vert heilt sikkert ei lydbok som vil slite ut atskillege daisyspelarar dei komande åra, og om mogleg endå sikrare: Det vert ei lydbok som vil framkalle både latter og tårer i tilhøyrarane.

Etter innlesinga spreidde vi oss for alle vindar og nytta tida nett slik som vi sjølv ønska. Ida fekk handla gåver til dei utallige (neida, det var berre 5) syskena hennar og Christer gjorde lydbokkupp på Norli.

Vi sleit nærmast beina av oss på byvandringa, men kom oss til slutt til milepælen av ein tiger utanfor østbanehallen på Jernbanetorget. Nokre reiste attende til Huseby, Pia og Marianne gjekk for å kjøpe is, Bernt tok turen til Spania, og resten av oss gjekk for å verte synt rundt backstage hos rockestjernene på den Norske Opera & Ballett. Her såg vi på kostymer og innebygde kunstverk, kjende på stemninga i hovudsalen og fekk servert ei perle av ein song frå den evigglade stemma til Hanne (her må det presiserast, utan å med det påstå at forfattar-Hanne ikkje har ei evigglad stemme, at det er deltakar-Hanne det er snakk om). Dagens høgdepunkt?

Kanskje. Det er fristande å rope eit konkluderande JA!, men kanskje kan dette foreløpige høgdepunktet overgåast på den store festen i kveld? Berre gudane (og kanskje festkomitéen?) kan vite. Det einaste som synast sikkert for dagens bloggførar er at denne store festen tek til om under eit kvarter, at dagens bloggførar ikkje har fått på seg finstasen (eit uttrykk som kanskje er ei aning for sterk for antrekket som dagens bloggførar har tenkt å kle seg i) endå, og at dagens bloggførar difor må skunde seg og få på seg denne finstasen! Og det i ei fart som ikkje tillet å vurdere om ein skal bruke "og" eller "å" i setninga "difor må skunde seg og få på seg denne finstasen!"

Huff, dette vart berre rot. Vi får håpe at morgondagens bloggansvarleg kan rydde opp og gi ei verdig skildring av den store festen i kveld!

À bientôt!

Eivind

fredag 12. august 2011

På tide med litt bilder kanskje?

Mens bloggkommitéen har tatt seg en pause lurer sjefen seg til å legge ut noen bilder, alle tatt av NLBs eminente fotograf, Kristin Fagerlid.
Hektisk aktivitet i skrivestua, i forgrunnen Mirnesa, og Christer som følger ivrig med.

Ida Marie, Aina og Elisabeth i dyp konsentrasjon over en oppgave. Dessuten Ida skjult under sitt fagre hår!

Mirnesa med en alldeles lattervekkende oppgave

og her har Kristin noe hun skulle ha sagt.

Daniel med tastaturet i fanget

Forfatterne Linda og Hanne, i forgrunnen en alltid like entusiastisk  Christer.

Så en velfortjent pause. Emma med ryggen mot, Elisabeth F, Christer, Eivind ( delvis skjult), foran Ida Marie, Brita med ryggen mot og til slutt Pia.

Vaffelrøre!=D

Dagen startet med at det var frokost klokken 08:30 som vanlig.
Rundstykker og brødskiver gikk ned på høykant.
Ellers pratet folk bare tull.:P

Etter frokost og fram til middag fikk vi tilbakemelding på tekstene våre fra Linda og Hanne og øvde på å lese dem høyt.

Til middag fikk vi kraftige kyllingkjøttkaker, poetiske poteter og glitrende grønnsaksblanding. Vegetaralternativet var en livlig lasagne.

Kvelden ble tilbrakt med et deilig bad på Fornebustranden. Solen skinte og det var varmt og godt. Andre spiste is og sløvet som slaver av solen. Til og med Valon var såvidt ut i vannet.
Etter ca to timer reiste vi tilbake.

Nå kjenner vi den besnærende duften av nystekte vafler og himmelske jordbær.

Nå må vi (U)heldigvis avslutte dagens brilliante blogginnlegg.

Følg med i morgen, da kommer nye innlegg.
Tschus!

Mirnesa, Eivind, Ida og sekretær Munnti.=)=)

torsdag 11. august 2011

Klosterøyas gåte med mer.

No sit vi her rundt det magiske skriveleirbordet og nedteiknar det vi har opplevd i dag. Her sit Mirnesa, Ida, Aina, Elisabeth, Krister, Stina og Lena (som i dag beærer oss med sitt koselige nærvær). I bakgrunnen lurer Eli Frisvold og roper ein og annan kommentar. :P

Frå 09.30 til lunsj leste dei fleste titteltekstene sine. Det vart mange gode tekster. Til slutt byrja vi å velgje ut tekster til skriveleir-CD-en.

Då vi hadde ete ein særs velsmakande lunsj, kom tidspunktet for avreise til Hovedøya.

På Hovedøya vart vi møtt av ein veldig kjekk ”munk”. Han fortalte ei gripande historie om klostere og sistersiensermunkar på 1100-talet.

Det siste vi gjorde før vi reiste heim var å ete ein eksplosivt god middag beståande av smørbrød, forskjellige typar kjøtt- og grønsaksspidd og dipbrød.

Kl 18.00 gjekk båten tilbake til Vippetangen.

No har vi avslutta med å ta ein unødvendig men akk så viktig tur til butikken.

Resten av kvelden tenkjer vi og nytte til sosialisering.

Følg med i neste episode! :)