mandag 15. august 2011

Kvar vart det av skriveleiren?

Hei alle!

No er skriveleir fire slutt! Aller helst vil eg reise tilbake, og det er eg visst ikkje åleine om. Det går rett og slett ikkje an å forstå at skriveleir er over, og at det har gått så fort.

Veka som har gått har gått like fort som når ein trekk pusten inn og slepp han ut att. Det dreier seg altså om ein kort augenblink som vi helst vil halde på mykje lenger, men han renn ut; altfor fort.

Eigentleg bør eg ikkje skrive og publisere noko som helst, fordi eg veit at det blir spesielt mykje svada når eg forsøker å skrive noko rett etter ei fantastisk oppleving. Eg kjenner meg veldig tom, og full av inntrykk på same tida. Eg skulle gjerne beskrive alt dette med ord, men det er ikkje så enkelt dessverre. Enkelte ting lët seg ikkje beskrive med ord. Vi har likevel prøvd og, etter mi meining, fått det ikkje så aller verst til. Eg oppfordrer ALLE til å følgje med vidare. Vidare vil eg også oppfordre deltakarar (inkludert meg sjølv), til å legge ut tekster. Sjølv om den fantastiske veka vi har hatt har gått så fort, kan vi fortsatt halde bloggen vår i live!

Her er ei spontanskildring av korleis vi har hatt det og korleis det kjennes. Dette er inspert av automatskrifta vi heldt på med kvar dag. Trur nok han har løsna på skrive- og sensursperra mi.

Fantastiske opplevingar. God skriveinspirasjon. Herlege og snille menneske. Godt og lite sosialt miljø. Kreative og snille deltakarar. Heilt utrulege ledsagarar som alltid stiller opp når vi treng dei. To uunnværlege og aktive sjefar. Altfor kort skriveleir. Ein fantastisk fest med himmelsk middag og underholdning av god kvalitet siste kvelden. Koseleg musikk og sosialt samvær etter festen. Allsang!

Reaksjonar
Sakn, smerte, lengt etter Huseby. Gjennomgang av fine dagar inni hovudet. Lykke over å ha møtt så mange fine menneske. Lykke over å ha teke med meg så mykje skriveinspirasjon heim. Eit ønske om å fortsette å skrive og dele det eg skriv med dei andre!

No kjenner eg meg mykje betre. Det er det eg alltid har sagt: Å skrive er ein fantastisk medisin for mykje, spesielt glede og sakn!

No trur eg at eg avsluttar. Håper å høyre frå dykk om ikkje så altfor lenge.
Klem! ;)

2 kommentarer:

  1. Snufs :-)
    Eli Sjef

    SvarSlett
  2. Jeg får lyst til å tegne et stort hjerte, men må gjøre det med ord. Så flott at dere har disse treffene, og at de er så vellykkede og gir deg inspirasjon til å fortsette å skrive.
    Jeg har alltid skrevet mye, hvis jeg ikke hadde gjort det, vet jeg ikke hvor jeg hadde vært i dag.Lykke til, Mirnesa - som jeg skrev i en annen kommentar: Jeg gleder meg til å lese boken du en gang gir ut. Mange gode tanker fra meg!

    SvarSlett