torsdag 11. august 2011

Klosterøyas gåte med mer.

No sit vi her rundt det magiske skriveleirbordet og nedteiknar det vi har opplevd i dag. Her sit Mirnesa, Ida, Aina, Elisabeth, Krister, Stina og Lena (som i dag beærer oss med sitt koselige nærvær). I bakgrunnen lurer Eli Frisvold og roper ein og annan kommentar. :P

Frå 09.30 til lunsj leste dei fleste titteltekstene sine. Det vart mange gode tekster. Til slutt byrja vi å velgje ut tekster til skriveleir-CD-en.

Då vi hadde ete ein særs velsmakande lunsj, kom tidspunktet for avreise til Hovedøya.

På Hovedøya vart vi møtt av ein veldig kjekk ”munk”. Han fortalte ei gripande historie om klostere og sistersiensermunkar på 1100-talet.

Det siste vi gjorde før vi reiste heim var å ete ein eksplosivt god middag beståande av smørbrød, forskjellige typar kjøtt- og grønsaksspidd og dipbrød.

Kl 18.00 gjekk båten tilbake til Vippetangen.

No har vi avslutta med å ta ein unødvendig men akk så viktig tur til butikken.

Resten av kvelden tenkjer vi og nytte til sosialisering.

Følg med i neste episode! :)

2 kommentarer:

  1. Og dere går IKKE til garderleiren og mobber de stakkars gardistene!!! Hilsen Eli Sjef!

    SvarSlett
  2. Gratulerer! 75 sidevisninger på bloggen siste dag!
    Eli Sjef

    SvarSlett