søndag 21. august 2011

Her kjem eit tekstlivsteikn frå meg :)

Ein av dei første tekstene eg skreiv:

Namnet mitt
av Mirnesa Balagic.

Namnet mitt har sju bokstavar. Veit ikkje heilt kva det tyder. Det er i alle fall slavisk. Er slik passe fornøgd med det. Var veldig misnøgd før, men kjenner at det har blitt litt betre med åra.

Her kjem eit namnt trippande, langsamt men sikkert. Tripp trapp tresko. Ein M skritter fremst. Han er leiar av den lange safarituren namnet skal legge ut på. Året er 1991 og namnet er gjeve til ei som skal behalde det i ein kort augenblink som tilsvarer eit menneskeliv. Dette er nok ikkje så veldig spesielt, men det tilhøyrer nok eit rimeleg stort antall menneske, men det kjennes særdeles spesielt likevel.

Etter M-en, som ein skugge liksom, kjem i-en. Han er litt snillare, litt mindre brutal kanskje. I vår elskede punktskrift tilsvarer dette punkta 2 og 4. Stille og snill er han. I vanleg skrift tilsvarer det kanskje ein liten strek. Det er så enkelt og elegant.

R er meir brautande og bråkete. R-en ruller nesten over i-en og bort til M-en. Kan du høyre den tunge tordendrønnen som ruller bortover?

N er mellomstor. Akkurat som M. Ikkje snill og ikkje slem. Han er lite pen også både i punkt og vanleg skrift.

E er bakvendt av I i punktskrift. Litt beskjeden, men kanskje beskjeden på ein annan måte enn i-en. Det er også ein bokstav som held seg i bakgrunnen.

S er ein stor slange. Vakkert bukter han seg gjennom det skiftande landskapet. Kanskje han tek føringa av og til. I punkt kan han også minne om ein slange, meir ein halv slange kanskje.

Også kjem a-en til slutt. Det er nok halespissen av kroppen. For meg tilsvarer han kun ein liten prikk som nesten ser litt bortkommen ut. Det kan godt tenkes at han ser bortkommen ut for andre også. Det hender nemleg at han blir oversett, og da blir det fort Mirnes. Det blir fort eit heilt anna menneske, eit menneske som har ei anna oppleving av namnet og som for den saks skyld er eit gutenamn.

Slik tripper namnet langsamt framover gjennom det ujamne landskapet. Kanskje stopper det opp av og til. Kanskje heng heile eller delar av det seg fast i ujamne område.

Kor lang tid har dette mennesket rett på dette namnet? Kor lang tid vil det gå før namnet forsvinn.

Eg kjenner meg absolutt ikkje trygg med kun eit namn. Derfor har eg skaffa meg eit kallenamn, Mirra. Mirra har to r-ar og kjennes tryggare ut. Ein r er ein utruleg dominerande bokstav som godt kan vege opp for dei andre som ikkje har fullt så mykje å seie. R-en styrker bandet til verda på ein måte. Heile namnet er i seg sjølv veldig spesielt i dette ujamne landskapet som Noreg er. Av og til verkar det som det stikk seg litt ekstra fram også. Men det vil nok finne sin plass i verda.
Ingvild har tillatt seg å legge inn et bilde av Mirnesa i aksjon på skrivekurset

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar