mandag 26. september 2011

Ei lita oppfordring.

Hei, kjære skriveleirfolk! Og alle andre som kastar eit lite blikk inn i vår fabelaktige blogg! J

Først og fremst må eg beklage at ting går litt sakte her for tida. Har lenge tenkt å sende ein liten tanke inn i vår kjære blogg, men overføring av teori til praksis er ikkje alltid like lett. Det har eg fått erfare veldig mykje den siste tida.

Tanken bak innlegget er noko vi prata om under leiren, men som truleg er blitt gløymt eller plassert langt bak i hukommelsen.

Poenget er i alle fall at vi har prata om å skrive ein tekst der alle skriv litt kvar og deretter sender teksten til nestemann. Vi har ikkje diskutert så mykje i forhold til opplegget, men eg meiner at alle bør få kome med idear. Vi treng idear for ting som handling, emne, personar osv. Er det nokon som vil kome med tankar i forhold til ideen til bloggleiinga? Kanskje nokon også ønsker og starte skrivinga.

Eg organiserer gjerne ei idemyldring og tek imot idear både i kommentarfeltet på bloggen og på e-post. Veit at kommentarfeltet på blogspot ikkje er så enkelt for alle så gode idear kan godt sendes til:

GOD FORNØYELSE!

Nb: Dette er ikkje kun for skriveleirdeltakarane, men også for ledsagarar og sist men ikkje minst; skriveleirsjefane og forfattarane!
Klem!:)

2 kommentarer:

  1. MEGET bra initiativ!
    Syns at det må være med en tjukk Bodøværing som skal hete Helge. Miss you guys!

    SvarSlett
  2. En veldig god ide! Ble det noe av? Tror jeg blir nødt til å følge denne bloggen :)

    SvarSlett